Hopp til hovedinnhold

Verdisamtalar - Verdiseglas 2024 langs Kystpilegrimsleia

Denne sommaren vil ein seglas i fire etappar langs «kystpilegrimsleia» frå Stavanger og nordover samla verdiar frå unge og ta dei med seg til Trondheim. Der vil Nasjonaljubileet 2030 få dei overlevert som verdibrev. Første etappe av seglasen startar på Moster 19. mai.

I «Verdiåret 2024» markerer vi to store jubileum. Det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster og 750 år sidan Magnus Lagabøte forma vår landslov. Landslova vart den første fungerande riksdekkande lovboka i Europa. 

Med bakgrunn i desse rettsjubilea har bispedøme og regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim invitert unge i alderen 15-30 år til verdisamtalar på nøkkelstadane langs leia.  Samtalane er inspirerte av «Guds fire døtre» som er nemnde i landslova og omgrep som makt, likeverd og demokrati. Frå samtalane skal ein skriva verdibrev, med tilrådingar for framtida. Verdibreva skal fraktast i ei pilegrimskiste og overleverast til Nasjonaljubileet 2030, Noreg i 1000 år, som vert leia av stortingspresidenten og til Den norske kyrkje ved preses, 27. – 28. juli.

Første etappe av seglasen startar med ei markering på Moster 19. mai kl 13 der lokale ungdommar kjem med det første verdibrevet til pilegrimskista. Frå Nidaros kjem biskop Herborg med Olavsflammen frå Stiklestad som skal lysa gjennom ti år fram til Nasjonaljubileet i 2030. Denne flammen skal følgje seglasen langs kysten til Trondheim. På veg til Bergen blir det stopp på nøkkelstaden Halsnøy og i Fana, for pilegrimsmesser, kulturkveldar og mottak av fleire verdibrev til pilegrimskista.

Seglasen har fleire etappar som er uavhengige av kvarandre.

Dei fire kvinnelege biskopane frå bispedøma langs kystpilegrimsleia deltek på ulike etappar av seglasen og deltek saman på siste etappe inn mot Trondheim og Olavsfest.

Anne Lise Ådnøy, Stavanger

Ragnhild Jepsen, Bjørgvin

Grethe Lystad Johnsen, Møre

Herborg Oline Finnset, Nidaros

Hardangerjakta Caroline af Sandnes er hovudfartøy og fraktar pilegrimskista og Olavsflammen til Bergen.

MS Granvin deltek på siste etappe frå Fana (kaien ved Hordamuseet), til Bergen tysdag 21.5.

KNM Magnus Lagabøte koplar seg på Verdiseglasen inn mot Bergen i Grimstadfjorden utanfor Haakonsvern

Moster – Halsnøy – Fjelberg – Fana – Bergen 19. mai – 21. mai.

Moster 19. mai, 

kl 12.30: Lokale ungdommar kjem med det første verdibrevet til pilegrimskista. Frå Nidaros kjem biskop Herborg med Olavsflammen frå Stiklestad som skal lysa gjennom ti år fram til Nasjonaljubileet i 2030.

Bergen 21. mai:
Kl 09:00 Open seglas med M/S Granvin frå Sandkaien ved Hordamuseet til Shetlands-Larsens brygge, Bergen.
Kl 11:25 Kyrkjeklokkene i Bergen sentrum ringer

Kl 11:30 Velkomst på Shetlands-Larsens brygge, prosesjon til Domkirken

På brygga vil seglasen bli motteken av ungdomar i/frå Bergen, ordførar i Bergen Marit Warncke,  biskop Ragnhild Jepsen, fylkesordførar Jon Askeland og fungerande domprost Hans Jørgen Morvik.

Pilegrimsvandring til Domkirken (Vågsbunnen/Fløybanen – Øvre Korskirkealmenning)

Kl 12:30 Pilegrimsgudsteneste med deltaking frå bl.a. biskop Ragnhild Jepsen, fungerande domprost Hans Jørgen Morvik, pilegrimsprest Einar Vegge, domkantor Kjetil Almenning og professor Alf Tore Hommedal.

Tekstlesing/bøner:

Ungdomar frå Verdisamtalar/Verdiseglas


Stavanger – Utstein - Avaldsnes – Moster med ankomst 1. juni 

Målet for seilasen er Jubileumsfestivalen på Moster på Bømlo.

Om morgenen den 30. mai går den 150 år gamle seilskuta Caroline af Sandnes fra kai i Stavanger med unge mellom 15 og 30 år om bord. Deltakerne melder seg på til seilasen så lenge de selv ønsker, hele ferden, deler av seilasen, eller dagsbesøk om bord i båten.

Båten seiler fra Stavanger torsdag 30. mai, besøker Utstein kloster, seiler videre til Avaldsnes og setter kursen videre mot Moster den 31. mai. Den 1. og 2. juni er det muligheter for å ta del i fullspekket jubileumsprogram på Moster.

Ved kai på Utstein, Avaldsnes og Moster er det gode muligheter for å komme på besøk om bord. Det blir samtaler om hva som faktisk skjedde på Moster i 1024, kristenrettens betydning og konsekvenser, og refleksjon om arven og verdiene som fortsatt finnes i vårt samfunn i dag.

Mer info om programmet finner du her: https://www.kyrkjekulturvest.no/verdiseglas/egersund-moster


Florø – Selje -Kinn, til Seljumannamesse 1000 år 5.-8. juli

Smøla- Nidaros, til Olavsfest i Trondheim. 25. – 27. juli.

MS Granvin legg til ein ekstra etappe i Verdiseglas, frå Smøla til Bodø 18. juli, i høve Forbundet Kystens landsstemne.

Samarbeidspartnarar er dei fire regionale pilegrimssentera Avaldsnes, Bergen, Selje og Smøla, dei fire bispedøma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros, og Kyrkjekultur Vest AS, som koordinerer det heile.

Nasjonalt Pilegrimssenter sine fire målsettingar innan kultur, kyrkje, næring og miljø, ligg til grunn for prosjektet, der friviljuge lag og organisasjonar og den historiske båtparken langs heile Kystpilegrimsleia, er aktivert.

Verdiseglasen er del av, og støtta av Landslovsjubileet i Vestland

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2